Gards- og slektsoga for Bjørgjo

Henta frå Skåneviksoga av Anders Haugland, Bd. 1

Slik var det i dei dagar:

Halstein, f. i Bjørgjo og husmann i Klubben, var så uheldig at han kom i klammeri med presten. Henrik Celius. Tretta tok til etter at kona Guro hadde fødd det andre barnet, i 1757. Då ho søkte kyrkje første gongen etter fødselen, skulle presten etter gammal skikk leia henne inn kyrkja. Men presten tok seg betalt for slikt, så alt for mykje, tykte Halstein. Hatt ville pruta med presten, men til fånyttes. Då vart han fortvila og oppskaka, laga oppstyr i kyrkja og leidde til sist inn kona si sjøl. Presten tok det ille opp og stemna han for tinget. Han synte så visst ingen nåde for den utfattige mannen. Då han ingen pengar hadde til å betala bøtene med, kravde presten kroppsleg avstraffing. Men det enda med utpanting av det vesle han åtte. Seinare stemna presten han på nytt. På vegne av fattigkommisjonen skulle han ha slutt på at Halstein dreiv bygdene rundt og tigga.

Les heile soga om folket i Bjørgjo nedanfor.

 

Frå Skåneviksoga

Forfattar: Anders Haugland

BJØRGJO

Garden Bjørgjo ligg under bratte fjell omkrinsa av store. skogkledde utmarksvidder og med utsyn sørover Skåneviksfjorden. Garden er bratt og ulendt med små englappar spreidde mellom berga. Han er fråflytta for lenge sidan. Men det gamle gardstunet står der ennå, vel hundre meters gonge opp frå naustet ved Bjørganeset. Bjørgjo grensar mot utmarkene til tri gardar, i vest mot Mehus, i nord mot Hauge og i aust mot Toftekalven. Garden har mykje utmark. det meste kledd med drivverdig foreskog og noko lauvskog.

 

Før 1758: Leiglendingstida. Rydjing, øydeland og ny busetnad.

Granskar me gardsgrensene i innleiinga, ser me at Bjørgjo helst må vera rydja og bygd i utmarka på Hauge og skilt ut derfrå. Til liks med Røo må Bjørgjo vera rydja ei tid før Mannedauden, kanskje på 1200-talet. Garden vart nok lagd øyde i siste helvta av 1300-talet og busett på ny same tid som Røo, kring 1610. Han kom tidleg under klosteret på Halsnøy med ei landskyld som stabiliserte seg på ein halv laup og seks merker smør tidleg på 1600-talet.

Namnet er bunden form av hokjønnsordet bjørg, som tyder berg. Første Bjørgabonden dukkar opp i skattelistene i 1610. Då gav «Knude i Biørien» eit halvt spann i korntiende. Knut sat med Bjørgjo i 20 år. Så følgde brukar etter brukar utan avbrot. Ser me bort frå dei par første bøndene som me ikkje veit større om, gjekk garden i same ætta ut leiglendingsbolken, like til 1758. Det året selde kongen klostergardane med forkjøpsrett for oppsitjarane. Men Bjørgabonden Halstein var ein lutfattig mann som for bygdene rundt med tiggarposen sin. Han kunne ikkje skaffa pengar til gardakjøp. Så vart Bjørgjo selt til ein etnebu, som flytta hit same året. Halstein og kona Guro måtte flytta frå garden. Sjølv om Bjørgabøndene flest slapp fara kringom på tigging for å brødfø seg og sine, er det klart at desse første bøndene på Bjørgjo sat i tronge kår. Det fortel kjeldene gong på gong. Dette hang saman med at garden var så pass liten at han vanskeleg kunne livberga ein huslyd. Me reknar gjerne halvannan laup smørskyld som ei grense for skikkeleg, god livberging på ein gard. Då skal ein ikkje venta at Bjørgjo med sin gode halve laup skulle gje ein trygg leveveg. Me ser det og på produksjonstala. Åkerbruket heldt seg lite og stabilt gjennom heile tidsrommet. I 1723 sådde Bjørgabonden halvanna tønne korn, nett som i 1633. Av husdyr heldt han fire kyr og nokre ungdyr og dessutan seks småfe, slik på lag. Einaste tilveksten var hesten som kom til garden kring hundreårskiftet. I tillegg kom skogen «til fornøden Brende og noget at selge», som det heiter i 1723. Alt 90 år tidlegare får me veta at garden hadde «skottebjelkar». Det gjev oss nok ein peikepinn om kven Bjørgabøndene handla tømmer med på 1600-takt. Skogen må ha vore ei kjærkommen inntektskjelde på denne tida. Elles vart garden rekna for å vere tungdriven og steinlendt. «Er een steenig og klippig Jord» fortel jordelistene oss i 1723.

 

Etter 1758: Sjøleige og nye ætter. Frå framgang til fråflytting.

Medan førre bolken hadde ein låg men stabil produksjon, kom det nå ein viss auke. Kornavlinga auka ein del og kom opp i 11-12 tønner ut gjennom 1800-takt. Poteta kom til garden truleg sist på 1700-takt. I 1860-åra sådde dei to tønner poteter ogt fekk fire foll avling, fordelt med fjerdedelen på plasset, resten på bruket. Storfehaldet heldt seg nokså stabilt på 4-5 kyr. Men sauehaldet hadde god framgang, frå seks i førre perioden til 14 kring 1800 og over 20 i 1860-åra, alt på bruket. Forgrunnlaget fann dei i naturengene kring gardstunet og i alle utslåttane rundt om i liane. Dessutan sanka dei lyng og skat, som vanleg var i det gamle jordbruket. Sauene sende dei helst til fjells sommarstider, til fjellstroka kring Bjødnabøle.

Den auka avkastinga la grunnlaget for betre kår for Bjørgabøndene. Me merkar det i dødsbuskifta som til dels viser bra eige, iallfall ingen fattigdom.

Ei ny ætt var komen til Bjørgjo: Kolbein og Brita kom hit i 1758 frå klostergarden Sæbø i Etne. Dei hadde sjøl måtta vika garden for ein militærkaptein det året og fekk kjøpa Bjørgjo i staden. Sjå Etne-soga II s. 654.

På Bjørgjo vart ætta buande heilt til 1918. Sjølv ga Kolbein garden frå seg i 1802 til eldste sonen Paul som sat husmann på Innbjoa. Men Paul hadde inga interesse av garden og selde han nokre veker seinare til pengespekulanten Andreas Baade med bra forteneste. Baade kjøpte garden for 214 dalar og selde han alt dagen etter til husmannen Sverke Persson Stølen på Prestegarden for nær doble summen, 400 dalar.

Sverke gjorde eit dårleg kjøp. Alt året etter måtte han gje garden frå seg att til Johannes Hortveit med 50 dalar i tap. Johannes kom og til å tapa pengar på gardakjøpet. Han var gift med eldste dotter til Kolbein Bjørgjo, ho Mari. Begge dei eldste brørne, Paul og Abel, hadde selt odelsretten. Men tredje og yngste sonen, Sjur, hadde framleis retten før Mari. 16 år gammal gjorde han gjeldande retten til odelsløysing og kjøpte garden i 1807, for 290 dalar. Så sat Sjur på garden i heile 63 år, like til 1870. Då var eldste borna langt opp i 50-åra, medan dei yngste var småborn ennå.

Kolbein var eldst av sønene. Men han var det lite med, ville dei ha det til. Difor fekk han ta til takke med eit plass under Toftekalven. Ei yngre dotter, Guro, fekk garden og gifta seg med Per Skåro frå Holmedalsgarden. Deira son, Syvert, fekk skøyte i 1912. Han selde garden til framande i 1918 og slo seg ned på Mjelkevik.

Dermed var Bjørgaætta borte frå garden. Peder Lokberg kom opphavleg frå Mo i Rana til Stord. 11918 fekk han kjøpa Bjørgjo og flytta dit like etter. Peder sleit og arbeidde tungt, også økonomisk. I 1928 gjekk det heile over ende. Huslyden reiste til Skjold. Sidan har det ikkje budd folk på Bjørgjo.

Kristian Hauge og 0. M. Enes kjøpte garden. I 1940 selde dei til trelast-handlar Peter Namtvedt i Bergen. Han skøytte vidare til sonen Kåre 10 år seinare. I dag er Bjørgjo ått av Bjarne Røen i Høylandsbygd. Sjå under Mehus 81.

I det heile er brukar- og eigarrekkjene tolleg enkle og oversynlege på Bjørgjo fordi garden aldri greina seg opp i fleire bruk. Derimot har der vore eit husmannsplass under Bjørgjo. Uro låg nede ved sjøen, nokre hundre meter vestom gardstunet. Lars Mosnes og kona Anna kom hit truleg i 1830-åra. Seinere bygsla Sjur Bjørgjo plasset bort til dottera Guri og mannen hennar, Ola Jonsson Fjellandsbøle.

Her på Uro heldt dei ei ku og noko smale. Forutan desse husfolka på 1800-talet budde der ein husmann på Bjørgjo eit par hundre år tidlegare. Han er nemnd både i folketeljinga og i matrikkelen i 1660-åra. Men me veit ikkje kvar han heldt til på garden. Kanskje var det på Uro, men det har me ikkje prov for.

 

 

FOLKET PÅ BJØRGJO

Bnr. i Bjørgjo.

 

1. Knut er første Bjørgabonden me kjenner. Han rydja og bygde øydegarden kring 1610 og vart buande her til han døydde, kr. 1630. Så dreiv enkja garden i ein tri års tid saman med ein Nils Bjørgjo.

 

2. Nils kan nok ha vore sonen. Han dreiv garden frå kr. 1630 til kr. 1656.

3. Sjur, f.kr. 1615, er nemnd 1657-1666. Så teier kjeldene. Men han budde nok på Bjørgjo seinare og. Hans ætt sat på garden i hundre år, ut leiglendingstida på Bjørgjo.

Born: a. Lars f.kr. 1650, sjå nedanfor.

 

4. Lars Sjursson Bjørg» (3a) tok over garden etter foreldra ein gong i siste helvta av 1600-talet. Han døydde noko før 1712. Det året sat kona hans enkje på Bjørgjo. Bom: a. Hans f.kr. 1697, sjå nedanfor.

 

5. Hans Larsson Bjørgjo(4a). fekk seinare bygsel på Bjørgjo. Til liks med dei førre brukarane veit me ikkje større om han eller huslyden hans.

Bom: a. Guro. sjå nedanfor.

6. Guro Hansdtr. Bjørgjo (5a) gifta seg i 1754 med Halstein Torkjelsson og bygsla Bjørgjo året etter. Dei budde her i berre tri år, til garden blei seld til Kolbein Sæbø i 1758. Då slo Guro og Halstein seg ned på eit plass under Toftekalven.

Halstein var så uheldig at han kom i klammeri med presten. Henrik Celius. Tretta tok til etter at Guro hadde fødd det andre barnet, i 1757. Då ho søkte kyrkje første gongen etter fødselen, skulle presten etter gammal skikk leia henne inn kyrkja. Men presten tok seg betalt for slikt, så alt for mykje, tykte Halstein. Hatt ville pruta med presten, men til fånyttes. Då vart han fortvila og oppskaka, laga oppstyr i kyrkja og leidde til sist inn kona si sjøl. Presten tok det ille opp og stemna han for tinget. Han synte så visst ingen nåde for den utfattige mannen. Då han ingen pengar hadde til å betala bøtene med, kravde presten kroppsleg avstraffing. Men det enda med utpanting av det vesle han åtte. Seinare stemna presten han på nytt. På vegne av fattigkommisjonen skulle han ha slutt på at Halstein dreiv bygdene rundt og tigga.

Bom:

a. Torkjel f. 1755.

b. Hans f. 1757.

e. Lars f. Toftekalven 1759.

d. Siri f. Toftekalven 1761.

7. Kolbein Paulsson Sæbø i Etne (7), 1725-1807, var son til Paul Kolbeinsson og Marta Olsdtr. på Sæbø. Han fekk kjøpa Bjørgjo for berre 26 dalar eller seks-sju kuverde. Det var eit svært rimeleg kjøp. Kolbein gifta seg i 1751 med Brita Abelsdtr. Sørheim i Etne (3e), 1711-1777. dotter til Abel Eriksson og Mari Larsdtr. Dei hadde fire born som alle var fødde på Sæbø.

Born:

a. Paul f. 1752, Klubben på Innbjoa.

b. Johannes f. 1753, d.s.å.

c. Abel f. 1753, Brandøyno u. Hauge i ølen, gm Mette Halvarsdtr.

d. Mari f.kr. 1755. Bjørgjo (9). seinare Mortveit, gm Johannes Ådnesson.

Brita døydde i 1777. Tri år etter gifta Kolbein seg opp att med Guro Sjursdtr. Hauge (27e). 1746-1803. 1 1802 skøytte dei garden frå seg til eldste sonen, men heldt tilbake røykstove, stabbur og smalehus til eigt bruk.

Born:

e. Brita f. 1781, d.s.å. (5 veker gl.).

f. Siri f. 1782, Sydnes, gm Lars Mikkjelsson.

g. Marta f. 1785, Klubben u. Innbjoa, gm Jon Johannesson.

h. Sjur f. 1790, sjå nedanfor.

 

8. Som alt er fortalt, kjøpte Andreas Baade garden av Paul Brandøyno og lurte han straks inn på husmannen Sverke Persson Stølen på Prestagarden for nær doble kjøpesummen. Sverke var fødd 1764 på Toftekalven (5e) og gift i 1792 med Siri Olsdtr. Tjelflåt, f.kr. 1773, dotter til Ola Kristensson og Sid Olsdtr.

Men Sverke og Siri vart ikkje lenge på Bjørgjo, berre eit års tid. Så måtte dei selja garden med tap, og reiste deretter tilbake til Stølen. Litt etter for dei til Løning på Bømlo og budde der til sin døyande dag. Sjå Bømlo bygdebok III s. 229. Borna, sjå Prestagarden.

 

9. Mari Kolbeinsdtr. Bjargjo (7d), 1755-1830, var noko oppi åra då ho i 1803 gifta seg med Johannes Adnesson Mortveit, kr. 1774-1840, son til Ådne Johannesson og Ingrid Nilsdotter Mortveit. Dei vart buande på Bjargjo i fire år, til 1807, då dei vart fråodla garden. Då slo dei seg ned på Mortveit, farsgarden til Johannes. Dei hadde ingen born saman.

 

10. Sjur Kolbeinsson Bjørgjo (7h). 1790-1875. var berre 16 år då han tok garden på odel i 1807, og 80 år då han gav garden frå seg og tok kår. Aldri har nokon sete så lenge med Bjørgjo.

Sjur gifta seg i 1812 med Anna Bjarnsdtr. Amland, 1779-1837, dotter til Bjarne Olsson og Siri Sjursdtr. Amland. I skiftet etter henne får me veta kva hus som stod på garden i 1837: ei tømra røykstove, ei sengebu med pannetak, ei løe saman med ein tømra fjos, eit smalehus og eit eldhus, alle med helletak, og dessutan eit naust med hun på taket.

Born:

a. Guro f. 1812, d. 1846 ug.

b. Siri f. 1815, Husnes, ug. Ho fekk barnet Brita f. 1848 med Hans Nilsson N. Sandvik i Kvinnherad. Brita busette seg i Bergen. ug.

c. Kolbein f. 1817, Klubben tr. Toftekalven (15), gm Ingeborg Aksels-dtr.

d. Bjørne f. 1820, d. 1858, «omkom ved at styrte nedover en Skrent under Arbeidet med at neddrive en Egestok til Søen».

e. Brita f. 1823, d. 1824.

 

Anna døydde i 1837. Aret etter gifta Sjur seg opp att med Kari Tørresdtr. Skarvaland (12), 1814-1882, enkja eller bonden Torbjørn Torbjørnsson Skarvaland.

Born:

f. Anna f. 1839, Hillestad, gm Bjørn Johannesson.

g. Guri f. 1841, Uro u. Bjørgjo (15), gm Ola Jonsson.

h. Torbjørn f. 1842, omkom ved forlis på reise til Nordland i 1879, ug.

i. Tørres f. 1845, Amerika.

j. Guro f. 1847, sjå nedanfor.

k. Madela f. 1849, Klostergarden på Halsnøy, gm Helge Jakopsson.

I. Liva f. 1851, Tofte på Halsnøy. Gift m. Gabriel Paulsson.

m. Severine f. 1860, Skat0 (26), gm Mikkjel M. Berhaug.

 

11. Guro Sjursdtr. Bjørgjo (10j), 1847-1919, gifta seg i 1868 med Per Persson Skåro, Holmedal (20g), 1838-1908. Dei budde som innerstar på Bjørgjo dei par første åra før dei fekk skøyte, i 1870.

Born: a. Kari f. 1869, Sjoangjo, gm Osmund Johan Larsson.

b. Sivert f. 1871, sjå nedanfor.

c. Siri Karine f. 1873, Huglo, gm Johannes Ellingsson.

d. Kristine f. 1876, Holmedal (52 Il), gm Tørris L. Holmedal.

e. Peder f. 1878, Mehus (60), gm Synneva Gurine Nerhus.

f. Torbjørn f. 1881. Røo (18), gm Anna Katrine Kristoffersdtr.

g. Tørris f. 1883, Ørelio, Mehus (48), gm Ingeborg K. Roen.

h. Ola f. 1887. d. 1895. i. Lars f. 1890, Mehus (49), gm Hilda T. Mehus.

 

12. Sivert Persson Bjørgen, Bjørgjo (11b), vart i 1903 gift med Brita Knutsdtr. Hjelmervik frå Mjelkevik (110, 1878-1950. Foreldra hennar flytta seinare til Mjelkevik. Då denne garden var ledig, flytta dei dit.

I 1918 selde dei Bjørgjo etter å ha ått garden i seks år. Borna, sjå Mjelkevik (12).

 

13. Peder Mathias Løkberg, 1877-1964. var frå Mo i Rana. son til Nils og Ragnhild Løkberg. Han kom først til Stord som gruvearbeidar. Der gifta han seg med Karoline Helgesdtr. Valvatne, 1902-79. Dei budde på Sagvåg den første tida, og der vart dei eldste borna fødde. Peder var både bonde og smed og dreiv dessutan mykje i skogen.

Men det var darlege eider, og han fekk lite att for slitet. Garden vart seld pa auksjon i 1928 og aldri meir busett.

Peder og Karoline reisee til Skjold i Ryfylke. Born:

a. Nils Bernhard f. 1906, Skre i Førdesfjorden. ug.

b. Asa Helena f. 1907, Haugesund, ug.

c. Ragnhild Karine f. 1909. Skre i Førdesfjorden, gm Lars Rorvik.

d. Berit Anna f. 1911, Avaldsnes, ug.

e. Petra Kristine f. 1913, Skre i Fordesfjorden, ug.

f. Karoline f. 1913. tvill. til e., d. eitt år gml.

g. Klara f. 1915, Skjold, d. ung.

h. Marie f. 1916, Tysvaer. gm Torbjern Sirdal.

i. Marta Nikolina f. 1922, Eidsvik pa Halsnoy, gm Konrad Kristensen.

 

Plasset Uro.

14. Lars Olsson Mosnes, 1779-1867, var son til Ola Olsson og Brim Jakopsdtr. Mosnes. 1 1824 hadde han gifta seg med Anna Helgesdtr. Haugen, 1784-1847, dotter til Helje Rasmusson og Siri Jensdtr. Haugen pa Nord-Ebna. Her pa Nord-Ebna bygsla dei seg eit plass og budde der til ut i 1830-åra. Då for dei til Bjørgio og sette bu pa Uro. Her vart dei veranda  livet ut.

Born:

a. Ola f. Nord-Ebna 1825. Stolsvikjo pa Roo 1161, gm Anna Katrina Akselsdtr. Dessutan hadde Anna eit barn med Askjel Jonsson Indre Maere (39e), seinare bonde pa Akra:

b. Brita f. 1813. voks opp hos mora pa Ebna, men reiste seinare til Etne der ho vart gift med austmannen Jon Gunnusson.

Lars gifta seg i 1849 opp att med Synneva Jonsdtr. Teigen u. Nedre Sandvik, 1801-1885, dotter til Jon Knutsson og Kari Nilsdtr. Teigen. Ho vart sitjande enkje pa Uro dei siste 18 Ara ho levde. 1 1875 heldt ho ein kalv og nokre sauer men var delvis forsørgd av fattigkassen. Lan og Synneva hadde ingen born saman.

 

15. Gun Sjursdrr. Bjørgjo (10g). 1841-1916, var dotter til Bjørgabonden. Ho vart gift i 1869 med Ola Jonsson Fjellandsbøle (12e), 1847-1928. Dei budde forst på Fjellandsbøle hos foreldra hans. Der vart dei tri eldste borna fødde.

Seinare kom dei til Bjørgjo og budde første tida i eit kårhus Sjur Bjørgjo hadde sett opp i Oredalen, inst i innmarka. Da kårfolka var borte, flytta Ola stova til husgrunnane i Uro. Der vart Ola og Guri buande livet ut. Ola for mykje pa ymse småarbeid kringom i bygdene. Han var ein allsidig og hendig mann og tok det arbeidet som baud seg.

Born:

a. Bernt Johan f. 1870, Amerika.

b. Sjur f. 1872, Amerika.

C, Jon f. 1875, til Amerika 1894.

d. Brita f. 1877, Haugesund, gm Lars H. Lovereide.

e. Torbjorn f. 1880, Fotlandsvagen i Hosanger, gm Johanne Herland.

f. Kari f. 1884, Haugesund, ug.