Veglys i Gravdal på plass

Busskur i Gravdal
På iniativ av foreldre med born i småskulen tok Velforeninga i fjor fatt på å få reist veglys ved kryssen i Gravdal.

Tiltaket vart aktualisert etter at det kom ny skuleordning for Halsnøy, som gjer at born frå Røen og Sjøvangen krins no nyttar Gravdal som omlastingstad i samband med transport til og frå skulen.  I vinterhalvåret er det mørkt om morgonen. Me tykte at det ikkje var forsvarleg å måtta venta på skulebuss på staden utan veglys, særleg ikkje for dei minste borna.

I tillegg til veglys kjøpte me for eigen rekning grus og planerte kring busskuret, sette opp benk inne i skuret og rydja tre i traséen for straumlina fram til stolpen. Totalkostnaden for laget var i underkant av 30 000 kroner.  Kvinnherad kommune har gjeve 15 000 kroner i tilskot, det er søkt Fjelberg kraftlag om eit tilskot på 8 000 kroner, resten er dekka av laget sjølv.