Sjånjo eller Sjøvangen

Teksten i artikkelen nedanfor henta fra Kvinnheradsoga bind 5, Eid Fjelberg, skreven av historikaren Anders Havnelid. Ein må gjera merksam på at teorien omkring namnet på garden i denne artikkelen ikkje stemmer heilt med den lokale uttalen. Eldre folk i krinsen brukte og brukar uttalen Sjån'jo, med eit lite lett trykk på siste staving. Mange utanfrå finn dette vanskeleg, og lagar difor ulike variantar som Sjo-anjo, Sjo-ånjo, eller Sjå-ånjo, alle med noko trykk på første staving. Slik vart det ikkje uttala av "dei gamle" i krinsen. Om forstavinga "Sjå" har å gjera med ordet Sjø, slik Havnelid skriv, eller med "Sjå" (utsikt/plass) er vanskeleg for oss å sei i dag. "Jo" er eit høgt berg, og stemmer såleis godt med naturen som omkransar garden og dalføret.

Teorien om at ordet "anger" ligg i namnet på garden, ein fjordarm til liks med t.d. i ordet Hardanger er også høgst tvilsam, når ein lyttar til den gamle uttalen. Det einaste ein kan sei for sikkert, er at namnet har truleg ingen ting med garden Sjo lenger ute på øya å gjera. Namnet er nok svært gamalt og truleg henta direkte frå omgivnadene.


Namnet på denne garden er i noverande matrikkel Sjovangen. Men dette er ikkje det historisk rette namnet på staden og bruket. Den som har stått på ein av dei høge nakkane i Sjoangen, kan lite vera i tvil om at namnet på den tronge fjordkilen som sprengjer seg inn mellom berga, er Sjoangen. Og etter den langsmale vika har bruket ein gong i tida fått namn.

Første gongen garden er nemd i Bergenhus lensrekneskap 1597, er namnet skrive Siuouagn. Då gav ikkje garden landskyld, men det treng ikkje tyda på at garden låg øyde. Englebrett er skriven til Sjoangen i lensrekneskapet.
Johannes Søanger er skriven øydegardsmann her i 1610. Denne nemninga tyder vel på at bruket enno berre hadde status som plass.
Jens Sjøanger er husmann og øydegardsmann her frå 1617 og iminsto 10 år frammover.

Namnet Sjoangr går inn i ei stor samling av slike ang- namn som fins langs kysten på den skandinaviske halvøya. Den gamle nemninga for fjord eller vik som skar ein kile inn i landet var angr, men gjekk or bruk og vart avløyst av fjord før år 1000 e.Kr.

På Halsnøy uttalar dei dette namnet Sjoånjo, og dette er interressant på fleire vis. For det første er det eit særmerke for våre bygder at angr vert ång i uttalen. Vi har det i Malmånger, og vel også i det opphavlege namnet på Omvik, truleg Ångvik, i uttalen no Ånvikjo. Vidare har dei gjort angr til eit hokjønnsord på Halsnøy, og det er heller uvanleg. Men her kan analogiverknad frå Bjørgjo og Røo vera forklaringa på uttalen.

I gamle dokument har skrivarane sjølvsagt hatt vanskar med og forstå dette namnet. Srivemåten har dermed blitt der etter. Namnet er skriven både Sjøvangen og Sjøengen, men begge skrivemåtene er like uhistoriske.
Men det er interressant og opplysande å sjå namnet vart oppfatta sammensett av sø og anger.

Produksjonsoppgåvene
Peder Sjoangen budde her i 1647, og han var bygselsmann under Allehelgensgodset. Han var sterkt forarma, mogleg fordi han var gammal. Det armodslege inntrykket vart stadfest i 1657, då enkja etter Peder levde her, men ”ejer intet”. Ho hadde berre fire leigekyr.
Lars hette busitjaren her i 1665. Han hadde tydelegvis fått gården i hevd, med hest, 8 kyr, 5 sauer, og 6 t havre i avling.
Vi veit ikkje anna enn at Lars og var bygselsmann. Men garden vart kjøpt til eigande alt 1688.

Prøvematrikkelen 1723 har ingen oppgåver om avling og buskap i Sjoangen.
I 1802 åtte og dreiv Steffen Knutson Sjoangen. Han hadde hest, 6 beist og 7 smålog. Han sådde 2 t havre og 3/8 t poteter og fekk att 13 t og 3 ½ t.
Det er ikkje ført nokon husmann under Sjoangen då.
I 1865 sat Peder Knutsson med garden. Han dreiv med hest, 10 kyr og 30 sauer og nokre geiter. Han sådde 5 t av både havre og poteter.
No var det heile 6 husmenn under garden, og berre ein av dei utan jord. Samla sto husmennene for 19 kyr 40 sauer og nokre geiter. Dei sådde samla 3 ½ t av havre og poteter.