Reguleringsplan for Stølsvik godkjent

Stolsvik reguleringsplan
Torbjørn J. Bjørgen sin reguleringspkan for hytter, hus, naust og campingplass i Stølsvik er no godkjent av alle instansar.

Med dette ein fleirårig kamp mot "vindmøller", særleg då Fylkesmannen si mijøvernavdeling, gått over i ein ny og meir konstruktiv fase. Snart kan spaden setjast i jorda av dei som ønskjer å byggja hytter og hus i området, eller setjast opp campingvogner.  Det kan såleis ventast meir maskindur, liv og røre i månadene framover enn det nokon gong tidlegar har vore i Stølsvik.  Der er siv.ing. J. Tufteland AS på Stord som ar stått for planarbeidet.