NRK "Friluftsmagasinet" på Halsnøy

SVANEVIK

For kort tid sidan var NRK med Friluftsmagasinet på Halsnøy og la ut på tur til Svortevik og Svanevik (Svinavik) med Seniorgruppa i Kvinnherad Turlag. Turleiarar var Kjell Ivar Bjørgen og Helen Sandvik Røssland. Følg  lenkene nedanfor om du vil høyra programmet.

 

"Seniorvandring i vakker natur" Før avgang frå Sjøvangen.

"Melankoli i Svanevik" Frå opphaldet i Svanevik.

"Skummel kulturhistorie i naturen" Frå Kolerakyrkjegarden i Svortevik.

Det kan vera på sin plass å nemna at det er få skriftlege kjelder frå tida då garden i Svinavik, eller Svanevik, som er dagens offisielle namn, vart rydja. Var det munkar som gjorde arbeidet, må det ha vore før 1537, då katolisismen vart avskaffa i Noreg. Dei kan ha hatt eit underbruk av klosteret, med svinehald og anna matprodusjon. Det kan óg ha vore tidlegare munkar som tok fatt her ute etter reformasjonen, då dei mista tittel og privilegium dei hadde hatt i Klosteret og vart jaga bort. Men i 1620 vart det innført dødsstraff for katolske munkar i Noreg. 

I gardssoga for Fjelberg og Eid skriv Anders Havnelid følgjande om den første, kjende busetnaden på garden Svinavik:

"Asbjørn heitte han som truleg var bureisar her i 1610. Han er skriven øydegardsmann og husmann.Då hadde truleg staden alt fått namnet sitt, så Asbjørn hadde ein lettare jobb med jorddyrkinga"

Så vakkert som garden ligg til, kan han vél ha vore rydja mykje tidlegare, iallfall før Svartedauden. At Asbjørn vart kalla øydegardsmann, og ikkje nyreisingsmann, er ein sterk indikasjon på at her har vore gardsdrift før Svartedauden. Det er funne fornminne i Sjøvangen som er datert attende til steinalderen. 

Uansett har det opp gjennom tidene vore lagt ned mykje godt arbeid på garden i Svinavik, eller Svanevik, noko som kjem tydeleg fram i programmet.

Du kan lesa meir om han som er gravlagd på Kolerakyrkjegarden i Svortevik på denne lenka.