Byggetilskot frå Kvinnherad kommune
Kvinnherad kommune har no betalt ut restsummen på 131 500 kroner i byggetilskot til helsesportløypa. Med dette er heile den kommunale 1/3-del av byggekostnaden gjort opp. Me er med dette komne eit godt stykke på veg med finansieringa av løypa, berre vel eit år etter at arbeidet i marka starta ! Med den flotte medverknaden frå Kvinnherad kommune og Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad, vonar me at prosjektet skal kunna fullfinasierast om ikkje så lenge.
2. byggetrinn , stipla med raudt på flyfoto nedanfor, går frå rasteplassen på Skarpeid og attende til P-plassen. Den stipla grøne linja syner første halvpart av løypa, som vart fullført i fjor.
Med dette vert Halsnøy Sportsløype ei fullverdig rundløype på nær 1.5 km. Går alt etter planen framover, skal heile løypa vera grusa og klar til bruk ein gong i juni måned.