20 000 frå SpareBank1

Sjekk frå Sparebank1
Det kulturhistoriske prosjektet "Jarnalderspor på Halsnøy", som var eit samarbeidsprosjekt mellom 4 velforeningar leia av R&S Vel, fekk for året 2010 etter søknad tildelt 20 000 kroner i tilskot frå SpareBank1, tidlegare Kvinnherad Sparebank.

 Pengane gjekk til fullfinansiering, slik at ein fekk omsett og produsert informasjonsskilt også på tysk og engelsk. Desse vart sommaren 2011 montert på stativa ved Gravdalsvatnet og ved Fjellandsvatnet.  I tillegg til gåva frå Kvinnherad Sparebank kjem sponsorgåver frå Eide-gruppa, Adonis AS, Datahjelp AS, AG Tre og Fjelberg Kraftlag. Sistnemde har dessutan bidrege med arbeidskraft under  oppsetjinga av stativa.  Med dette er eit flott prosjekt sluttført  på ein svært vellukka måte.  

At turistane, både norske og utenhlandske,  set pris på informasjonen har me fått mange tilbakemeldingar om. Me vonar dessutan at mange vert inspirert til å gå og sjå jarnalderspora som er omtalt på skilta.